Club Tropicana

Drinks are free

Velkommen til club tropicana!

 

Konseptet er enkelt. Sommarsleg og deilig stemning, eit utval gode drinkar og kjekke folk.

Slå det saman med ein mann som alltid tar alt for langt, og eit lite stykke hage, Voila!

Ein av dei kjekkaste plassane å tilbringe ein ettermiddag og kveld!

Ta med godt humør, og om sola skin, kle deg opp for sommarfest!

 

Ananas eller flamingo?

No har me holdt på med Club Tropicana i nokre år, og me er i stadig utvikling!

Det heile starta til Marianne sin 30-årsdag, då eg fann 2 pinjataer, ein ananas og ein flamingo. så eg sendte Marianne ein melding der det sto: "Ananas eller flamingo?"

Som svar fekk eg flamingo, og Torgeir gjorde det han gjer best, tar ting for longt. Pynt vart kjøpt inn, tappetårn vart lånt av gamlingen, og alkohol, blandevatn, snacks og tapas vart handla. me var klare for fest i hagen! Så kom regnet... Me flytta heile baren inn i stova og held ein fantastisk feiring. 

Året etterpå hadde me fått oss tak under terrassen, og ny bar skulle byggast! Me hyra inn Kvalheim Bygg og Maskin for jobben, og handla inn på meir pynt, meir sprit, meir alt!No er me på 3. året og kan snart kalle bursdagsåpninga for tradisjon! Og kva betre måte å feste dette til evigheita enn med nettside?

 

DRINKs